Nei, det er sjeldan gitt. Elskar film og kino, men det blir dyrt. Enten så er det buss til og frå by'n (drøyt 200 kr viss begge voksne skal vere med), eller så er det bil og bompengar og parkering - mykje same prisen. Og så kostar kinobillettene i underkant av 100-lappen pr stykk. Og viss ein så skal ha popcorn og brus i tillegg så må eg plutseleg ha begge ungane i barnehagen og begynne å jobbe fullt :-p
Har vore på kino med eldste ein gong, saman med tanta mi. Vi såg Gubben og katten - glemligheter, og den var kjempesøt. |