Kan trøste deg med at dette kjenner dei fleste foreldre til ungar med ADHD. Det er ikkje enkelt å gjere alt rett etter boka, kvardagen er sånn.. uforutsette ting skjer, ein kan vere sliten, det er så mange ting. Dei fleste med barn med ADHD, kjenner seg som dårlege foreldre i periodar, fordi det krever så mykje meir å oppdra ein unge med ADHD. Du kan aldri slakke på reglar, rutiner, konsekvensar, og i tillegg skal du vere roen sjølv, men kven klarer å gjennomføre dette perfekt? Den personen har ikkje eg møtt endå. Eg klarer i allefall ikkje å vere roleg når ungen startar....
Berre husk at son din er den han er uansett, og gjer ditt beste i rollen som forelder:) Ikkje sjå for mykje på alle "ekspertane", det er faktisk få av dei som lever med ADHD til dagleg. Dei lærer oss den perfekte måte å oppdra barn med ADHD, men trur nok at deira kvardag hadde hatt feil og "tap" om dei hadde vår kvardag. Det er stor forskjel på teori og praksis. Du får råd og tips, og du klarer nok å bruke nokre av dei innimellom:) Det er heller ikkje alle råd og tips som verkar på alle ungane....
Eg kan også gje gode råd; veit kva ein burde gjere, men det betyr ikkje at eg til einkvar tid klarer å gjennomføre alt. Eg er også sint og irritert stort sett kvar dag, men har med åra lært at eg faktisk berre er eit menneske og gjer så godt eg kan. Dårleg samvit hjelp verken meg eller son min:)
Eg teller til 10 innimellom, når eg kjenner det kokar som verst. Stoppar son min når tiraden av argument kjem for å få lov, når han har fått nei; "STOPP" seier eg, og sluttar å snakke med han, lar meg ikkje rive med i diskusjonen. For eg veit av erfaring at det er ikkje hjelp i å forklare og diskutere, han held berre på for å få ja, ikkje for å forstå kvifor han fekk nei. Eg ser også gjennom fingrane med mykje, for eg må velge mine kampar med omhu. Dette betyr IKKJE at eg klarer å gjennomføre dette perfekt, men eg klarer det av og til:) det er eg fornøgd med. Eg velger heller å sjå på det eg faktisk får til(gjev meg ein klapp på skuldra), og gløymer det eg ikkje maktar å gjere rett. Det håpar eg gjer det lettare å gjere "rett" neste gang.
Eg har 15 års erfaring med ADHD, så litt kunnskap om det har eg:)
Håpar dette var til litt hjelp:) Spør om du lurer...
R1:) ( ekstra nick her) |